Ole Aastad Bråten

Konsertvert
Ole Aastad Bra ̊ten

Ole Aastad Bråten er konstituert direktør ved Valdresmusea. Han har hovudfag i kulturhistorie frå Universitetet i Oslo. Han er medlem av Rådet for folkemusikk og folkedans og sit i Nord-Aurdal kommunestyre for Venstre. Han bidreg jamt i det offentlege ordskiftet om tema som kulturminnevern, kulturarv og museum. Aastad Bråten leia i 2013 utstillingsprosjektet «Folkemusikk og nasjonalisme». I 2014 har han arbeidd med utstillinga «Langeleiken – heile Noregs instrument» som handlar om dei eldste strengeinstrumenttradisjonane i Noreg.