Etter avslutta utdanning som keramikar, mellom anna under Hanne Kirsti Lunder, vende Gunvor Kjøs attende til heimstaden Lomen, der ho no bur og arbeider som bildekunstnar.
“Min kunstnarlege prosess spring ut frå ei indre bildeverd. I enkel oppbygging av fargeflater, med måling og kol, streber eg etter å skape dimensjonar og rom. I bilda forsøker eg å kome til ei djubde, der transparente parti står i kontrast til tettare teksturar og fargar. I det samspelet som oppstår her, skjer det at organiske formar og skapningar kjem til. Ønsket mitt er å skape verk som vekker ein gjenklang i betraktaren”.
På vegen mot å bli bildekunstnar, har Gunvor hatt lærarane Hans Norman Dahl, Hanne-May Scheen, Vidar Stalsberg, Jørgen Dukan og Oscar Reynert Olsen. Teikningane og måleria er resultat av utforskande prosessar der sjølve tilbliinga utgjer ein essensiell del av det kunstrarlege uttrykket. Som i arbeidet med keramiske glasurar eksperimenterer ho no òg med teksturar, med ein særskild fascinasjon for grafiske element. Inspirasjon hentar Gunvor frå kunsthistoria, menneske og naturen. I 2023 var ho ein av tre kunstnarar med utsmykkingsoppdrag for det nye Helsetunet i Vestre Slidre kommune.
“Dei enklaste flatene er oftast dei mest utfordrande. Komposisjon og fargesamansetting handlar om kontrastar. Eg har alltid hatt ein fascinasjon for spenninga mellom det røffe uttrykket og det meir feminine. Eg målar fordi eg er på leiting.”